Laga app som viser ledige UiB-rom

Kart_App_AG_13

KREATIVE. UiB har eit system for ope data. Det tok Fredrik Heimsæter og Edvard Pires seg nytte av og laga ein app. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.

Fredrik Heimsæter og Edvard Pires synes ikkje UiB sine nettsider var brukarvenlege nok på telefon. Då laga dei ein eigen app.

– Systemet til UiB er ikkje tilpassa telefon. Det fungerar fint på data, men studentar brukar telefon, seier informasjonsvitskap-student Fredrik Heimsæter.

Saman med medstudent Edvard Pires har han laga ein eigen app med timeplan over alle rom på Universitetet i Bergen (UiB). Appen har dei enkelt kalla «Romplan for UiB». Dei var ikkje nøgd med det allereie eksisterande systemet til UiB, og bestemde seg for å gjere noe med saken sjøl. 

IT-direktør ved UiB, Tore Burheim, synest ikkje systemet deira er lite brukarvenleg.

– Både UiB sine sider og MittUiB har responsivt design. Så kan ein alltid diskutere om gode eller mindre gode løysingar til responsivt design, seier Burheim.

Han fortel at dei no har eit økt fokus på brukarvenlegheit på IT-avdelinga, og at dei er oppteke av at mest mogleg av dataen skal vere ope for folk.

– Når vi går ut og lagar eit system for ope data, så er det for at folk skulle kunne lage løysingar. Viss folk ønskjer å lage appar, så er det berre positivt, seier Burheim som ikkje har høyrt om denne appen.

Kart_App_AG_05

OVERSIKTELEG. På romplan appen kan du lett finne fram til bygningen eller rommet du ønskjer for å sjekke om det er ledig. FOTO: ADRIAN GRINDBAKKEN.

 

Etterspørt av studentar på andre universitet

Dei to studentane fortel at det tok tid å designe appen, rydde opp i kodane og få ting til å fungere.

– Det er som avansert Lego. Alt er der, ein må berre sette det saman riktig, seier Pires.

– Det er ikkje så masse matte, men du må ha programmert litt før, legg Heimsæter til.

Over 50 stykker har førebels lasta ned appen. Eit krav er at ein må ha android-telefon.

–  Apple krever at du lagar det på Mac, og du har ein Iphone. Også må du ha ein lisens på 99 dollar i året, seier Edvard Pires.

Per no tener dei ikkje pengar på appen, sidan den er reklamefri og gratis. Men den har blitt etterspurtt av studentar på andre Universitet, og grunna at UiB snart skal bytte romsystem til det same som mange andre Universitet har, kan det bli aktuelt å utvide.

– Det blir ikkje så mykje arbeid å endre på det då, om universiteta har same system, seier Fredrik Heimsæter.